«Nå er det bekreftet investorer og aktører som vil investere og bygge i Norge. Et fabrikkbygg i Sandefjord er under planlegging, og en del av produksjonsutstyret er allerede anskaffet», skreiv direktør i LMI Karita Bekkemellem til Helse- og omsogsdepartementet i desember.
Det er snakk om investeringar på 80–100 millionar dollar.
– Dette er den største krisa i moderne tid, og midt oppi denne situasjonen så er det ei positiv sak. Her har vi aktørar som ønskjer å bidra, som på sikt kan tyde fleire hundre arbeidsplassar, seier ho.
LMI har vore med på ein rapport om mogleg vaksineproduksjon i Noreg. Dei reknar den globale vaksinemarknaden til 47 milliardar dollar i året og bratt stigande.